Les mer om oss
Om rideskulen vår

Hos oss i Sogndal Rideskule står hestevelferda i fokus. Vi er opptekne av at både dei tobeinte og dei firbeinte skal ha et godt og sikkert lærings miljø.
Dei flinke instruktørane våre er ansvarlege og engasjerte personar med lang erfaring og mykje kunnskap om dei ulike greinene av hestesporten.
Hestane våre er nøye utvalde for rideskulen vår og me set fokus på å ha snille, trygge hestar som vil skapa trygge ryttarar som lettare opplever meistring.
Me ønskjer også å rekruttera våre rideskule elevar til stega vidare fram til "eigen hest". Me tilbyr derfor halvfôr avtaler på nokre av rideskule hestane våre. Ta kontakt med oss for meir informasjon om dette.

Praktisk info til
rideskule elevane
-Rideskulen vil ha ridetimer måndagar, onsdagar og torsdagar.
-Møt opp 10 minutt før timen byrjar for å finne hjelm og sikringsvest, opprop og utdeling av hest.
-Ein ridetime varer i 50 minutt.
-På nybyrjar kurs SKAL eleven ha med ein voksen til å leia hesten så lenge det er behov for det
-Alle kursa våre (frå nybyrjar til øvd) inkluderer 1-3 teoritimar i stallen der ein lærer handtering av hest og utstyr i staden for rideundervisning i ridebanen. Dette for å gi eleven auka tryggleik og forståing.
-Køyring og voltige er også til stades i kurs planen så vel som tur, sprang og dressur ridning. (når elevane er klare for dette)
-For påmelding: Fyll ut og send inn 'påmeldings skjema'. Du er ikkje påmeld før du har fått ein e-post frå oss med stadfesting på påmeld kurs.

Elevane trenger
Ridehjelm av godkjent merke er påbode. Rideskulen har utlån av hjelmar, men me tilrår at ein skaffa eigen hjelm pga. rett tilpassing og hygiene.
Rett fottøy: Fottøy som går litt oppover ankelen, og helst med ein liten hæl. Til dømes ridesko/ridestøvel, lett vintersko (ikkje for grov sole) eller støvlett/cherrox.
Bukse: Tettsitjande bukse eller ridebukse/tights er å tilrå.
Tryggingsvest (kan lånast)
Vilkår og reglar
- -All ferdsel på hestesenteret sitt område og deltaking på kurs/aktivitetar og leie av hest skjer på eige ansvar. Sogndal rideskule kan ikkje haldast ansvarleg for skadar og ulykker med unntak av påvist grov uforstand frå rideskulen si side. Alle elevar skal ha si eiga forsikring mot skadar og ulykker. Riding er å rekna som ein risikosport og det er ein risiko for fall frå hest, bli trakka på/dytta, bli bitt, sparka etc.
- Sogndal rideskule og hestesportsenterets til all tids gjeldande reglar for ferdsel rundt hestane og på senteret skal følgjast. Brot på desse kan føra til bortvising.
- -Ein blir rekna som endeleg påmeldt til kurs viss ein eller fleire av følgjande kriterium er oppfylte.
- a) Møtt opp og delteke på ridekurset.
- b) Betalt kursa.
- c) Avmelding av ridekurs må sendast på e-post til rideskulen før første dag av oppstart på ny sesong/semester. Påmelding er bindande og ein går automatisk vidare til neste semester dersom e-post med avmelding ikkje er motteken.
- d) Er ein å rekna som påmeldt til å ri kurset har ein ikkje rett til refusjon av noko av kurset om ein avbryt kurset undervegs uansett årsak.
- -Alle som rir på nybyrjar kurs SKAL ha med eigen leiar/haldar. (Ein må ikkje ha mykje erfaring med hest for å kunne vera leiar/haldar)
- -Alle som rir på Øved 1 eller høgare kurs skal sjølv sala på /av hesten sin før/etter timen. Ridelærer eller stallvakt hjelper til med anvising og hjelp viss nødvendig. All av/på saling skjer på eige ansvar. Av/på saling av hestane er ein viktig del av rideundervisningen og vil hjelpa å skapa ein betre og tryggare ryttar.
- -Viss Sogndal rideskule må avlysa ein time eller fleire grunna Force Major(Brann, Orkan, etc) blir ikkje kurset erstatta.
- -Viss Sogndal rideskule må avlysa ein time på grunn av sjukdom hos instruktør, sjuke hestar eller liknande vil timen bli teken igjen.
- -Undervisningstimar kan takast igjen ved framlegging av sjukmelding frå deltakar/pårørande. Timane må vera tekne igjen innan utgang av semesteret.
- -Alle nybyrjarar (førstegongskundar) som vel og ikkje halda fram etter første time vil bli belasta for ein time. Dersom man ikkje ynskjer å fortsetta må dette meldast fra om så snart som mogleg innan neste ridetime på e-post til rideskulen.
- -Alle kurs består av 1-3 teoriøkter, resten av øktene er riding/køyring/voltige
-Alle elevar i rideskulen må vera medlem av Sogndal ride og køyreklubb viss/før dei skal ri stemne/ta grønt kort. Sjå informasjon om medlemskåp i klubben her: https://www.sogndalhestesenter.com/home